top of page

KJEKT AS

Konsert- og festivalarrangør på Voss!

KOMANDE ARRANGEMENT

Our Services

DanielKvammen_Instagram_sep_2026_24.jpg

daniel kvammen

@voss ungdomshall

10. DESEMBER 2026

Eg vil synge jula inn for alle uss som kjem frå ei lita bygd. Reise dit det finns snøkvite vegar, til ein stad lengst oppe i ein dal, i ei vik, i enden av ein fjord. Der ligg jula å ventar, heilt innerst inne. Eg vil laga sjukt fin julestemning. Eg kjem til den plassen du kaller heime. Og så feirer me i lag. Med familie og venner, liten og stor, merkelig og rar, snill og god.

preoutlaws1.jpg

THE PRE OUTLAWS

@voss ungdomshall

13. MARS 2027

Etter å ha spelt rock n' roll og rockabilly i mange år fann Sondre Hegg, Eivind Styve og Sondre Styve i The Vossa Rebels og Erlend Styve frå Twang Gang ut at dei ville laga seg eit sideprosjekt. Ein felles kjærleik til den gamle, ekte countrymusikken enda opp i eit nytt band. hovedtyngda av reportuaret er countrymusikk frå tida før outlawcountryen gjorde sitt inntog.

JHM00886.jpg

GUNSLINGERS

(FT. THE VOSSA REBELS)

@voss idrettshall

25. MARS 2027

Gunslingers er tilbake i Voss Idrettshall skjærtorsdag for tredje år på rad! Dei har i snart 20 år levert norsk countrymusikk av ypperste kvalitet. Dei har oppnådd ei rekkje utmerkelsar, fått tildelt gull- og platinatrofèar og fått æra av å spela på hundrevis av utselde arrangement.The Vossa Rebels vert også med!

Ingebjørg Bratland Voss 1080x1080.png

INGEBJØRG BRATLAND

@SCANDIC voss

3. APRIL 2027

Ingebjørg Bratland med band kjem til Scandic Voss laurdag 3. april! Med krystallklar røyst og ei utstråling som treff midt i hjartet har Ingebjørg Bratland med rette vorte omtala som ein nasjonalskatt. Me lovar ein kveld du seint vil gløyme, med ein av landets aller dyktigaste formidlarar i sentrum.

PLAKAT_VIK_2027 (1).png

DANGFART TØNNESSEN

@VIKJAHALLI, VIK

17. APRIL 2027

EDB-legenden Dangfart Tønnessen kjem til Vikjahalli med sitt EDB-kurs og sine røvarhistoriar laurdag 17. april! Dangfart lovar å ta med seg dei beste vitsane sine, men de vil òg få sjå Vik gjennom brillene til ein 88 år gammal mann frå Mannsverk i Bergen. Me lovar dykk ein kveld med mykje god latter!

BareVisvas1920x108003.jpg

KRISTIAN VALEN

@SCANDIC VOSS

8. OKTOBER 2027

Kristian Valen er endelig tilbake med et splitter nytt show! Her åpner han dørene til en stjernespekket artistgalla, hvor både norske og internasjonale celebriteter dukker opp i Valens velkjente univers. Stoltenberg, Brauten – og flere av hans udødelige karakterer – gjør etterlengtede gjensyn, denne gangen i helt ny drakt. Gled deg til en helaften med Norges beste imitator – og en stor dose deilig visvas!

Om oss

Kjekt AS vart etablert seinhausten 2023 og arrangerar konsertar, festival og ulike kulturarrangement på Voss.

​

I tillegg samarbeidar me med fleire andre verksemder om planlegging, tilrettelegging og gjennomføring av konsertar og andre kulturarrangement.

  • Facebook
  • Instagram
  • Facebook
  • Instagram
  • Facebook
  • Instagram
  • Facebook
  • Instagram

Følg oss gjerne på sosiale medier!

JPEG Text.jpg

KONTAKT OSS

Send inn eit kontaktskjema eller kontakt oss på e-post: ingvar@kjektvoss.no

Takk! Din e-post er sendt.

bottom of page