PERSONVERNERKLÆRING
​
Denne personvernerklæringa skildrar korleis KJEKT AS, med tilhald i Noreg, samlar inn, bruker og deler personopplysningar frå brukarar av tenestene våre. Vi sikrar ein høg standard for personvern og tryggleik i handteringa av dine personopplysningar, i samsvar med General Data Protection Regulation (GDPR).
​
Innsamling av data
Vi samlar inn følgjande personopplysningar:
-
Namn og kontaktinformasjon: Ditt namn, telefonnummer, e-postadresse og fysisk adresse.
-
Tenesteinformasjon: Informasjon om tenestene du kjøper frå oss, til dømes deltaking i arrangement, konsertar og festivalar.
-
Nettlesardata: Informasjon om nettlesarhistorikk og bruksmønster på nettsidene våre.
-
Informasjonskapslar: Vi samlar inn brukardata gjennom informasjonskapslar for nettsidefunksjonalitet, analyse og marknadsføring. Google Analytics, Google Ads og Facebook Ads kan bli brukte til dette.
​
Formål med databehandling
Dataen som blir samla inn, blir brukt til å:
-
Sikre optimal drift og administrasjon av tenestene våre.
-
Drive marknadsføring og remarknadsføring.
-
Forbetre brukaropplevinga gjennom nettsideanalyse.
-
Sende informasjon og marknadsføring om liknande arrangement og tenester etter billettkjøp, der dette er tillate etter gjeldande regelverk. Du kan når som helst melde deg av slik marknadsføring.
​
Brukarrettar
Brukarar har rett til å få tilgang til, rette eller slette personopplysningane sine, og til å be om dataportabilitet. Desse rettane kan utøvast ved å kontakte oss via informasjonen nedanfor.
​
Deling av data med tredjeparter
Vi deler personopplysningar med følgjande tredjeparter:
-
Google Analytics, Google Ads og Facebook Ads: For nettsideanalyse og målretting av marknadsføringskampanjar.
-
TicketCo: For operative formål, som handtering av billettsal og arrangementadministrasjon.
-
Mailchimp: For å gjennomføre e-postmarknadsføring.
Kvar av desse selskapa er vurderte til å følgje GDPR og andre relevante lover for personvern.
​
Sikring av data
KJEKT AS har implementert tryggingstiltak for å beskytte dine data, inkludert kryptering, sikre serverar og tilgangskontrollar.
​
Oppdateringar av erklæringa og varsel til brukarar
Vi varslar brukarane våre om viktige endringar i personvernerklæringa gjennom e-post og på nettsida vår.
​
Kontaktinformasjon
For spørsmål om personvern, ta kontakt med oss:
-
E-post: ingvar@kjektvoss.no
-
Verksemd: KJEKT AS
-
Adresse: Kvarmavegen 92, 5713 Vossestrand
-
Organisasjonsnummer: 931 950 576